Det å utvikla sosial kompetanse er kanskje den viktigaste eigenskapen for menneske. Alle er me ein del av eit fellesskap, og vi må forholda oss til andre menneske gjennom heile livet. Tidlege erfaringar med jamaldringar er svært viktig for samspelsevnene og gjer barnehagen til ein viktig arena for sosial utvikling, læring og etablering av vennskap. Alle barn i barnehagen, uavhengig av alder, kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsnivå, må få likeverdige høve til å delta i meiningsfylte aktivitetar i ein fellesskap med jamaldringar.
Kløvheim Naturbarnehage sine arbeidsmetodar med å styrka barnas sosial kompetanse
• Vi skal ha positive relasjonar til alle barn og legga til rette for at barna har moglegheit til å kommunisera og samhandla godt med andre i ulike situasjonar.
• Vi skal arbeida systematisk med DUÅ årshjulet og barna får tilbod om å delta i DINO/MiniDina samlingar som sikrar at dei får kunnskap og trening på gode strategiar for samhandling.