Språk kompetanse

Rammeplanen 2017 seier: «Barnehagen skal vere bevisst på at kommunikasjon og språk påverkar og blir påverka av alle sider ved barnet si utvikling. Gjennom dialog og samspel skal barna støttast i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining. Barnehagen skal anerkjenne og verdsetje barnas ulike kommunikasjonsuttrykk og språk, medrekna teiknspråk. Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling»

Språket er grunnleggjande som kommunikasjonsmiddel og kan difor påverka synet til eit barn på seg sjølv og omgivnadene. Den språklege utviklinga har òg betyding for korleis barnet utviklar seg på det motoriske, sosiale og emosjonelle området.

Ein dag i barnehagen består rutinesituasjonar der borna kan bruka språket aktivt, og eit godt språkstimulerande miljø er prega av at personalet brukar språket i samspel med borna heile dagen. Det meste og viktigaste av språkstimuleringsarbeidet i barnehagen skjer gjennom slike rutinesituasjonar og aktivitetar, og ulike innfallsvinklar og metodar kan eignast til å engasjera borna i språklege aktivitetar.

Kløvheim Naturbarnehage sine arbeidsmetodar for å styrka barns språklege kompetanse

 Vi skal legge til rett for at barna skal få varierte og positive erfaringar med å nytte språket som kommunikasjonsmiddel, som verktøy for eigne tankar og kunne uttrykka meiningar og kjensler.

Vi skal arbeida systematisk med SPRÅK  årshjulet og barna får tilbod om å delta i språk/lesegrupper for å sikra at dei får erfaring og kunnskap om eit mangfald av språklege symbol og omgrep.