Læring hjå barn skjer på ulike arenaer, samt gjennom alt dei opplever og erfarer på desse områda. Læringa skjer gjennom det borna utforskar og undrar seg over. Kvalitet og tryggleik er faktorar som skal prega læringsprosessen til barna. Barn lærer hele tida gjennom erfaringar og gjentakingar, så overgangar (rutinesituasjonar) er like viktige som temaarbeid gjennom planlagde aktivitetar. Fast dagsrytme i barnehagen er viktig for barnet. Han hjelper barnet til å føresjå kva som skal skje etterpå, noko som er med på å utvikle tidsbegrepet.
Kløvheim Naturbarnehage sine arbeidsmetodar
I overgangar frå ein aktivitet til ein anna skal barna oppleva at dei er førebudd, trygg gjennom gjentaking, vert sett og høyrt.
Vi arbeider systematisk med overgangane og er bevist på at det er ein god læringssituasjon for barna.
Vi har utarbeida beskriving av overgangane slik at barna opplever at personalet er samkøyrt og legg til rette for at barna kjenner seg trygg på overgangen.