Naturoppdraget
Gjennom Naturoppdraget får barna oppleve gleda ved å vere ute i naturen i sitt eige nærmiljø. Barn og vaksne dreg på tur saman, der dei utforskar, oppdagar, sansar, leiker og skaper gjennom spennande oppdrag og aktivitetar i nærnaturen.
Det er Kåre Kråke som sender barna ut på oppdrag. Han er ein nysgjerrig og viteglad fugl som utfordrar barna med oppgåver og undrande spørsmål. Saman med Kåre får barna utforske naturen, leite etter svar og oppdage nye samanhengar.
Kan de hjelpe Kåre Kråke med å finne svar?
Naturoppdraget er utvikla for barn i alderen 2–6 år. Oppdraga krev lite førebuing og minimalt med utstyr, noko som gjer dei enkle å ta i bruk i kvardagen. Rettleiingane er oversiktlege og lett forståelege, slik at også vikarar raskt kan setje seg inn i opplegget.
Gjennom aktivitetane får barna erfaringar som støttar fleire av fagområda i Rammeplan for barnehagen. Oppdraga legg til rette for utforsking, undring, samarbeid, kreativitet og læring gjennom leik og naturopplevingar.
Kråka er vald som maskot for Naturoppdraget fordi ho er ein klok og oppfinnsam fugl som finst over heile landet og er godt kjend for dei fleste barnehagebarn. Kåre Kråke har allereie blitt ein populær turkamerat og inspirasjonskjelde i mange barnehagar.
(Kilde Naturoppdraget.no)




Årsoppdrag
Vi vil gjennom barnehageåret ha eit årsoppdrag med å følge eit tre gjennom dei ulike årstida. Vi har valt oss hestekastanje treet ved skulen fordi løvtre forandrer seg meir gjennom årstidene enn eit bartre. Vi ønsker å gje treet eit navn og gje det ein god klem når vi besøker det. Vi vil blant anna sjå om treet har endra seg frå sist gong vi var der? Er det dyreliv i nærheten? Småkryp, fugler eller spor og tegn etter dem?



Vi ønsker og å lage ein værstasjon der vi måler nedbør, temperatur og vindretning slik at vi kan observere været over tid. Hvor kommer vinden fra, og hvor mye snø eller regn har det kommet siden i går? Kanskje vi kan spå været for i morgen ved å se på ulike værtegn?